Erling Braut Haaland

Av Anette Moi (2022)

Om kunstverket

Anette Moi har laga dette veggmaleriet på oppdrag frå Time næringsforening. Maleriet viser den lokale fotballspelaren Erling Braut Haaland, mediterande i lotusstilling. I motsetnad til Pøbels veggmaleri som viser spelaren i Dortmunds gule drakt, er Braut Haaland her kledd i den lyseblå drakta til fotballaget Manchester City. Braut Haaland melde overgang til laget våren 2022.

Anette Moi (f. 1984) er illustratør, kunstar og designar. Ho bur og arbeidar i Stavanger og er kjend for fargerike, leikne og naivistiske arbeid. Kunstnaren brukar ofte humor for å retta søkelys mot sosiale forhold og tidsaktuelle hendingar. Interesse for likeverd og rettane til menneske og dyr kjem òg til syne i kunstnarskapen.

Moi hadde si første soloutstilling i 2012, og har sidan 2013 jobba fulltid som kunstnar og illustratør. Sidan då har ho hatt fleire utstillingar, utsmykningsoppdrag og veggamlerier. Mellom anna for Stavanger, Hamar og Oslo kommunar, Vipps, utestaden BLÅ i Oslo, samt Deichmanske Bibliotek. I tillegg har ho gitt ut bøker og designa klær. Moi har vore ein del av illustrasjonsagenturet byHands sidan 2016.

Relaterte artikler