Erling Braut Haaland

Av Pøbel (2022)

Om kunstverket

Pøbels veggmaleri av Erling Braut Haaland er gigantisk og visar fotballspelaren i sigersrus etter å ha skåra mål. Handa som stikk opp over fasaden er aleine 12 kvadratmeter stor. Rundt hovudet står sitatet "Snakk me fødne så går helste alt aent godt", eit råd Braut Haaland fekk tidleg i karriera. Maleriet er kome i stand som eit samarbeid mellom Pøbel og Bryne næringsforening. Sjølv seier Pøbel at han ikkje er særleg interessert i fotball, og at maleriet ikkje handlar om idrett: "Det handler om dedikasjon og hardt arbeid som kan relatere til alle, uavhengig av hva man driver med. Håpet mitt er at veggen kan være til inspirasjon for alle som har en eller annen form for drøm".

Pøbel er ein kjend urban kunstnar frå Jær-regionen. Han føretrekkjer å vera anonym og få kjenner identiteten hans. Pøbel har arbeidd med sjablongmaleri sidan slutten av nittitallet, men begynte ikke å mala ute før i 2002, fascinert av graffiti- og gatekunstrøyrsla i dei større byane. Pøbel innsåg snart at det ikkje var gater som lokka han mest og vart inspirert til å plassera den urbane kulturen i ingenmannsland. Prosjektet hans i Lofoten, kor han saman med bergenskunstnaren Dolk tok i bruk gamle husvegger og løer som "lerret", gjorde raskt områda til turistdestinasjonar. Pøbel er sterkt kritisk til det han kallar ein villa sentraliserings-politikk og ønskjer å revitalisera område som står i fare for å verte fråflytta. Eit av dei seinare, store prosjekta hans er Komafest i Vardø og Teriberka (Russland). Kunsten til Pøbel kommenterer forhold i samtida og er ofte politisk. Kunstnaren fekk internasjonal merksemd då han malte eit "mute-teikn" (lyden av) over president Donald Trumps stjerne på Hollywood Boulevards "Walk of Fame" i Los Angeles.

Relaterte artikler