Om kunstverket
Utsmykkinga er laga spesielt til Trollungane barnehage av kunstnaren Frode Skaren. Den er i tre deler. To er plasserte i første etasje, ein i andre etasje, i fellesareala. I motiv-vala tok kunstnaren utgangspunkt i barnehagen sine verdiar: Trygghet, respekt, omsorg, lyttande, leikande. Fargevalet speglar arkitektens val av fargar i interiøret. Frode Skaren seier sjølv dette om verka: Det første motivet tar for seg de 3 første verdiordene; Trygghet i mors armer; Respekt for hverandre uansett hvordan man ser ut; Omsorg, der en vannkanne sørger for at tørste planter får næring. Andre motiv tar for seg verdiord Lyttande, dette motivet representerer også "De gode møtene". I tredje motiv har vi flyttet oss under vann og illustrerer det siste verdiordet Leikne. Skaren har òg lagt inn element som kan nyttast til oppgåver og leik: Det er ulikt tal stjerner og blomar i bileta. Motiva kan oppfattast både som natt og dag, sommar eller vinter, figurane kan sjåast både som jenter eller gutar. Arbeida er laga av mdf-plater som delvis er lagt utanpå kvarandre. Det er frest ned spor i platene som gjer at ungane kan føla konturar og motiv med fingrane.