Dirty Dancing

Av Pøbel (2021)

Om kunstverket

"Med ønske om fornyede krefter gjennom pandemien, en riktig god jul og et enda bedre nytt år." Dette stod det i brevet som kunstnaren "Pøbel" la ved gåva til Time kommune, silketrykket "Dirty Dancing". Motivet vart først malt ved Stavanger universitetssjukehus i februar 2021 som ei hylling til helsearbeidarar , og framstiller dåverande helseminister Bent Høie som løftar ein helsearbeidar på strake armar. Kunstnaren har i ettertid laga eit silketrykk av motivet som han har sendt til mange kommunar. Time kommunes trykk har påskrifta "Gave til alle i Time kommune. Takk for innsatsen under pandemien".

Etter ønske frå kunstnaren skal bildet rammast inn og gå på rundgang : "Ber om at gaven blir plassert et sted hvor det kan komme flest mulig ansatte og helsearbeidere til gode. Dessverre har jeg ikke mulighet til å lage trykk til absolutt alle pauserom i hele landet, så forhåpentligvis kan dere ha trykket på rundgang gjennom de forskjellige avdelinger, pauserom, kantiner og lignende". Trykket har ikke opplagsnummer.

Pøbel er ein kjend urban kunstnar frå Jær-regionen. Han føretrekkjer å vera anonym og få kjenner hans eigentlege identitet. Pøbel har arbeidd med sjablongmaleri sidan slutten av nittitallet, men begynte ikke å mala ute før i 2002, fascinert av graffiti- og gatekunstbevegelsen i dei større byane. Pøbel innsåg snart at det ikkje var gater som lokka han mest og vart inspirert til å plassera den urbane kulturen i ingenmannsland. Prosjekta hans i Lofoten, kor han tok i bruk gamle husvegger og løer som "lerret", gjorde raskt områda til turistdestinasjonar. Eit av motiva er ein fiskar med gul sydvest og surfebrett under armen. Motivet figurerte lenge som vignett for TV2. Pøbel ønskjer å vitalisera område i landet som står i fare for å verte fråflytta. Eit av dei seinare, store prosjekta hans er Komafest i Vardø, kor han har invitert kunstnarar frå heile verda til å laga kunstverk. Kunsten til Pøbel kommenterer ofte samtida. Det siste verket han har laga i Bryne sentrum er eit stensil-maleri om kjærleik under korona-epedemien (2020).

  • Kunstner:
  • Tittel: Dirty Dancing
  • Kategori: Billedkunst
  • År 2021
  • Stil: Figurativ kunst
  • Materiale / medie: Glass Papir Papp Tre
  • Teknikk: Trykk
  • Beskrivelse teknikk/medie Silketrykk på papir
  • Størrelse B: 50cm H: 60cm
  • Plassering Helseforetak og -institusjonar i Time kommune
  • Tilgjengelighet
    • Tilgjengelig etter avtale

Pøbel

Les mer...

Relaterte artikler