Solaris

Av Viel Bjerkeset Andersen (2021)

Om kunstverket

«Solaris» kjem av latin og tyder «knytt til sola». Kunstnaren Viel Bjerkeset Andersen har uttrykt at kunstverket er ein metafor for den energien me som menneske er avhengige av, og som me gjer frå oss i samspel med omgjevnadane og kvarandre. «Solaris» kan gje assosiasjonar til ein ufo, ein framand klode, eit atom eller ei sol. Skulpturen svever som ein energiball høgt oppunder taket i stasjonsoppgangen og vert påverka av lyset. Det er som om han absorberer energien omkring seg. Der solstrålane treff, vert dei gylne fargane intense. Kantane ser mest ut som om dei gløder, sjølv når lyset elles svinn. Lysskulpturen vert opplevd forskjelleg alt etter kva vinkel han vert sett frå. Kunstverket er meint som ein del av ein kunst-akse frå Kaizerplassen til Bryne stasjon.

Viel Bjerkeset Andersen (født 1963) er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole, École des Beaux-Arts i Paris og Statens kunstakademi. Ho arbeider med installasjonar, skulpturar og mixed media og er anerkjend for sine utsmykningar i offentlege rom og har vunne prisar både i Noreg og utlandet. Mange av Andersens kunstverk er stedsspesifikke, altså skapte med omsyn til miljøet dei skal plasserast i. I Rogaland er ho kanskje mest kjend for verket Bakenfor pusten (2019) i den undersjøiske Ryfast-tunnelen på Riksvei 13. Verket har form av ei stor grotte omlag midtvegs i tunnelen, kor indirekte lys fargar rommet i skiftande tonar. Tittelen viser til havpattedyr som kjem opp for luft før dei dykker ned i vannet att.

Viel Bjerkeset Andersen

Les mer...

Relaterte artikler