Landet lyt liggja 2/10

Av Maiken Stene (2020)

Om kunstverket

Maiken Stene har laga kunstverket «Landet Lyt Liggja» til den nye ungdomsskulen på Vardheia. Ho kallar sjølv verket for ein iscenesettelse av ein fortidssituasjon. Utganspunktet er med hennar eigne ord, eit tankeeksperiment: Kossen såg Vardheiå ud for 5.000 år sian, lengje før menneskjå busette sæg hær, før jordå vart rydda, drenerte og dyrka, før gravhaugane, før vikingane, før trælane, før steingardane, kniven gjønå torvmyrå, plogen gjønå mold, fjordingen, forhaustaren, brøyten, før byggjefeltå, handlesentrå og storskulane vart bygde? Kunstverket er ein omfattande installasjon som består av 10 maleri og ein videofilm. Filmen er montert på ein vegg på toppen av trappa i amfiet, mens maleria er montert på ulike stader i skulens to etasjar. Til saman utgjer maleria og filmen eit scenografisk puslespel kor form blant anna skal inspirera elevar og tilsette til å tenka over tid, rørsle, samfunn og natur på nye måtar. Kunstnarens ønskje er at kunstverket kan bidra til at samfunnet, og spesielt kommande generasjonar, utviklar eit meir medvete forhold til korleis me tar vare på jorda i dag og i framtida. Tematisk sett tilbyr kunstverket eit rom for refleksjon rundt slike problemstillingar. «Landet Lyt Liggja» er ein scenografisk installasjon som er bygd opp av mange individuelle delar til samen formar eit større heile, som om det var eit puslespel. Maleria viser frie tolkingar av stein, trær, vatn, skyar og bakkar med torv og planter, basert på kunstnarens studiar av Vardheia-området. Studiane er ei filosofisk og teknisk øving i å sjå på omgjevnadane med et nøytralt blikk, altså utan å sjå menneskeleg nytteverdi i alle ting. Maleria er utført i kunstnarens atelier. I atelieret har kunstnaren så plassert dei ti maleria bak kvarandre, som ein scene. Med dette som utgangspunkt har Stene og filmskapar og billedkunstnar Greg Pope laga ein stopmotion-animasjonsfilm kor verka inngår på ein eksperimentell, abstrakt og leiken måte.

Maiken Stene (født 3. september 1983) er ein norsk billedkunstnar. Stene er utdanna ved Cooper Union School of Art, New York (2008) og Konsthögskolan i Malmö (2010-2013). Ho har hatt fleire utstillingar, blant anna i Oslo Kunstforening i 2015 og på Landsforeningen Norske Malere i 2017. Stene er medlem av Norske billedkunstnere og Landsforeningen Norske Malere. Ho er busett i Sokndal.

  • Kunstner:
  • Tittel: Landet lyt liggja 2/10
  • Kategori: Billedkunst
  • År 2020
  • Stil: Ekspresjonistisk kunst
  • Materiale / medie: Maling Plate Tre
  • Teknikk: Maleri
  • Beskrivelse teknikk/medie Maleri på MDF-plate med eikeramme
  • Størrelse B: 124cm H: 246cm
  • Plassering Vardheia ungdomsskule, 2. etasje
  • Tilgjengelighet
    • Tilgjengelig etter avtale

Maiken Stene

Les mer...

Relaterte artikler