Fire torvrøyk

Av Sven Undheim

Om kunstverket

Poetisk minimalist var Sven Undheims prøvande karakteristikk av seg sjølv, men kunstnaren var elles forsiktig med å gi tolkningar av eigne verk. Enkle stiliserte jærhus eller torvstakkar og mennesketomme landskap går ofte igjen i arbeida hans. Undheim vaks sjølv opp i eit Jærhus på Høgjæren med vidt utsyn, mest det same synet som Arne Garborg hadde frå Knudaheio hundre år tidlegare. Fleire har peikt på at det kanskje er ei kobling mellom dei to kunstnarane, begge hadde eit komplisert kjærlighetsforhold til Jæren, begge reiser ut i verda, begge kjem attende og skaper kunst av dette landskapet som dei er så prega av. Motivet til "Fire torvrøyk" er òg frå Jæren, frå ei tid då det var vanleg å sjå slike stablar med torv rundt om i landskapet.

Sven Undheim (1950-2002) var utdanna keramikar ved Statens håndverk- og kunstindustriskole. Han utdanna seg vidare innan maleri i Belgia, men utvikla seg seinare meir og meir som teiknar. Keramikk, maleri og teikning, dei tre uttrykksformene har den same gåtefulle stilistiske spenninga kor markante flater og geometriske figurar former landskap ofte med vibrerande horisontliner.

I katalogen til Undheims utstilling på Hå i 2005 har kunstnar Cathrine Hansen skrive om Undheims kunst og henta inn desse orda frå kunstnaren Jens Erland:

For meg handlar Sven sitt kunstnarskap om ein estetisk varhet kombinert med eit stort alvor, kompromisslaust går han inn i sine livsgåter. Det han finn støyper han om til bilete med klar, gåtefull og allmenn form.

Sven Undheim

Les mer...

Relaterte artikler