Utan tittel

Av Børge Kalvig (1982)

Om kunstverket

Børge Kalvig har fotografert ei gruppe personar ved eit tre og noko som ser ut som ein vannpost. Personane, to ungar, to unge og ei vaksen kvinne ser på fotografen. Den unge guten er fint kledd og ser ut som han skal eller har kome frå skulen. Biletet er signert, men ikkje datert, og har ikkje opplysningar om opplag.

Børge Kalvig (1927 - 2009) far fotograf i Bryne. Kalvig arbeidde i 1946 i eit halvt år hos fotograf Bernhard Schwartzmann i Oslo før han reiste tilbake til Stavanger for å arbeida hos fotograf Waldemar Eide. Utdanning: Handelsskole, 5 års læretid i faget. Kalvig starta forretning på Bryne 5.7.1951. I 1954 var han med på å stifta Bryne Fotoklubb og var sidan aktiv der. Medlem i Forbundet Frie Fotografer og aktiv konkurransefotograf i Norsk selskap for fotografi. Kalvik hadde i 1974 utstilling i Centre Culturel Francais i Oslo. Han har òg hatt en rekke separatutstillingar rundt om i landet, mellom anna i Bryne kunstforening. Kalvig fekk i 1975 tildelt den internasjonale heiderstittelen AFIAP. I 1997 fekk han æresmedlemskap i Norges Fotografforbund.

  • Kunstner:
  • Tittel: Utan tittel
  • Kategori: Billedkunst
  • År 1982
  • Stil: Figurativ kunst
  • Materiale / medie: Papir
  • Teknikk: Fotografi
  • Beskrivelse teknikk/medie Fotografi på papir
  • Størrelse B: 40cm H: 30cm
  • Sted Bryneheimen
  • Tilgjengelighet
    • Ikke tilgjengelig for allmennheten
    • Midlertidig plassering / lagret

Børge Kalvig

Les mer...

Relaterte artikler