Heimlandskyrkja

Av Olav Bjørgum

Om kunstverket

Olav H. Bjørgum (1934 - 2020 var biletkunstnar og illustratør. Motivet «Heimlandskyrkja» er typisk for kunstnaren, som illustrerte fleire middelalder-romanar. Trykket er ikkje nummerert og datert, men har påskrifta H. C. II.

Bjørgum var utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole. Bjørgum etablerte sin eigen grafiske verkstad i 1964, og arbeidde aktivt som malar, grafikar, illustratør og teiknar heilt til sine siste leveår. Han illustrerte omkring 35 bøker, fekk fleire utsmykningsoppdrag, og hadde ei rekkje separatutstillingar og deltok på kollektive utstillingar.
Olav Bjørgum samarbeidde i mange år med forfattaren Ingeborg Refling Hagen og leverte illustrasjonar til elleve av hennar bøker, utgitt på Suttung forlag. Han har illustrert Ragnhild Magerøys middelalder-romanar, utgitt av Den norske Bokklubben og Egils saga, utgitt på Aschehougs forlag. Til juleheftet Jol i Setesdal leverte han illustrasjonar helt frå starten, mange av illustrasjonane er basert på inspirasjon frå bokverket Gamalt or Sætesdal.
Bjørgum har motteke ei rekkje prisar for arbeidet sitt og har og hatt fleire store utsmykkingsoppdrag.
(Kjelde: Wikipedia)

Relaterte artikler