Blå vårkveld

Av Odd Haakensveen (1994)

Om kunstverket

Odd Haakensveens skildringar av landskap frå Austlands-naturen har vunne gjenklang hos publikum over hele landet. Han skildrar ein natur dei fleste kjenner og er glad i, og bileta viser ei verd prega av harmoni. Ofte ligg det likevel ein melankolsk tone bak, ei kjensle av at verda ikkje er uforanderleg. Biletet er eit tresnitt. Det er merka med Pr. tr., noko som betyr at det ikkje er ein del av eit opplag, men kunstnarens eige (privat trykk).

Odd Haakensveen (1936 - 2007) var opprinneleg utdanna lerar. Som elev på Statens lærerskole i forming, Notodden, starta H. å arbeida med tresnitt, og i løpet av nokre år hadde han utvikla ein teknikk som virka sjølvstendeg. Trekk i kunsten hans fører tanken hen på mykje av det som vert laga i norsk grafikk i dag, men han har likevel ein eigen strek, eit ege drag over sine arbeid. H. er først og fremst landskapsskildrar, han skildrar blomster og gamle hus og arbeider gjerne med motiv frå bondelivet. Han er figurativ og baserer kunst sin på norsk naturalistisk tradisjon.

Etter 1974 hadde H. mange separatutstillinger, bl.a. i Hamar Kunstforening, Galleri Bi-Z i Kristiansand, Galleri Parken i Bergen og Galleri Norske Grafikere i Oslo. Han har deltatt på eit utall kollektive utstillingar, som Høstutstillingen og på Galleri F-15 i Moss. Han har hatt fleire illustrasjonsoppdrag, bl.a. Ulvehiet av Oskar Braaten for Den Norske Bokklubben. H. er innkjøpt av ei rekkje offentlege og private samlingar, som Norsk Kulturråd, Hedmark fylke og Oslo Kommunes Kunstsamling.
(Kjelde: Johannesen, Ole Rønning: Odd Haakensveen i Norsk kunstnerleksikon på snl.no. Hentet 24. september 2021 fra https://nkl.snl.no/Odd_Haakensveen)

Relaterte artikler