Hognestad skule 100 år 1993

Av Herborg Kverneland (1993)

Om kunstverket

I dette kaligrafiarbeidet har Herborg Kverneland formgitt diktet "Mi gamle å" av Jon Line. Tittelen og kvar strofe har fått sitt "vindauge" og er dekorert med ulike små illustrasjonar, knytt til teksten, og blader i gull. Kalligrafien vart laga i høve Hognestad skule sitt 100-årsjubileum i 1993.

Herborg Kverneland er ein kjend kalligrafi-kunstnar, busett på Kvernaland. Kunstnaren har utforma ei rekkje plakater og prisar, mellom anna for Time kommune. Ho har deltatt i fleire gruppe og separatutstillingar, og er kanskje mest kjend for Haugtussa-teppene. "Haugtussa" var eit samarbeidsprosjekt mellom kunstnarane Herborg Kverneland og Herborg Larsen, der Larsen har vevd motiva ut frå Kvernelands maleri og vevkartongar. Samarbeidet starta i 1997 og vart ferdig til Garborg-jubileet i 2001.

  • Kunstner:
  • Tittel: Hognestad skule 100 år 1993
  • Kategori: Billedkunst
  • År 1993
  • Materiale / medie: Bladgull Glass Papir Papp
  • Beskrivelse teknikk/medie Kalligrafisk tekst og illustrasjon på papir Passepartout Kalligrafi
  • Størrelse B: 87cm H: 59cm
  • Sted Hognestad skule
  • Plassering Hognestad skule, gang ved bibliotek
  • Tilgjengelighet
    • Tilgjengelig etter avtale

Herborg Kverneland

Les mer...

Relaterte artikler