Om kunstverket
I dette kaligrafiarbeidet har Herborg Kverneland formgitt songen "fager kveldssol smiler" av A. H. H. von Fallersleben (omsatt til norsk av Peter Hognestad). Kunstnaren har illustrert songen med ein solnedgang. Kalligrafien er først malt og skrive, så trykt opp i eit opplag på 150. Biletet er ikkje datert.
Herborg Kverneland er ein kjend kalligrafi-kunstnar, busett på Kvernaland. Kunstnaren har utforma ei rekkje plakater og prisar, mellom anna for Time kommune. Ho har deltatt i fleire gruppe og separatutstillingar, og er kanskje mest kjend for Haugtussa-teppene. "Haugtussa" var eit samarbeidsprosjekt mellom kunstnarane Herborg Kverneland og Herborg Larsen, der Larsen har vevd motiva ut frå Kvernelands maleri og vevkartongar. Samarbeidet starta i 1997 og vart ferdig til Garborg-jubileet i 2001.