• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Utan tittel

Av Eystein Sigurdsson (1972)

Om kunstverket

Motivet i Eystein Sigurdsson tresnitt er ein bukett blomar. Blomane er stilisert og hovudfargen i biletet er raudt.

Eystein Sigurdsson (1925 - ) er ein Norsk malar og grafikar som har har markert seg både i norsk og internasjonal samanheng. Han har gjennom heile sin produksjon halde et høgt handverksmessig nivå og har ein etter måten liten produksjon. Gjennomgangsmotiv er hus, kyrkjer, tre og fjell. Sigurdsson vekslar mellom eit figurativt og eit nonfigurativt formspråk og lykkast best i moderat abstraherte arbeid, som dette blomstermotivet.
Kunstnaren var elev av Ole Mæhle, Lillehammer, og er utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo under Chrix Dahl, Statens Kunstakademi i Oslo under Jean Heiberg og Statens lerarskule i forming i Oslo. Han debuterte på Haustutstillinga i 1950 med raderinga Grått vær. Sigurdsson har hatt arbeid på ei rekkje kollektiv- og separatutstillingar, og har utsmykningar og verk i fleire offentlege samlingar.
(Kjelde: Norsk kunstnerleksikon, Svein Olav Hoff)

Relaterte artikler