På vatnet III

Av Ellen Kalvig (2003)

Om kunstverket

Med enkle, mjuke strøk og stiliserte former har kunstnaren Ellen Kalvig framstilt eit abstrahert landskap. Ein massiv fjellform dominerer den venstre delen av biletflata. Fjellet stuper rett ned i sjøen, der det ligg ein båt på det stille vatnet. Biletet er halde i blått og gyllengult, motivet framstår som meditativt.

Ellen Kalvig er fødd i 1958. Ho bur og arbeider i eige atelier i Suldal, tett på vakker og storslått natur. Sjølv seier ho at ho er inspirert av naturen og landskapet ho har rundt seg. Inntrykka bearbeider ho malerisk og grafisk ved bruk av kontrastar, lys, symbolikk og assosiasjonar. Om bileta hennar framstiller berre eit landskap eller om det er ein metafor for noko anna, let ho vera opp til den som ser. Kalvig stilt ut jamnleg sidan 1986 i inn - og utland. Debututstillinga var i Sandnes kunstforening i 1987. Ho er medlem i NBK.

Ellen Kalvig

Les mer...

Relaterte artikler