• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Dag

Av Craig Flannegan (2007)

Om kunstverket

Trykket viser eit stilisert mannsandlet. Det er halde i raudtonar på grøn bakgrunn. Tittelen Dag kan spela på kven mannen forestiller.

Craig Flannagan er født i Skottland, og er nå busett i Stavanger. Han er utdanna ved Gray's School of Art i Aberdeen, og har sidan 1985 hatt ei lang rekkje separatutstillingar i inn- og utland, mellom anna i Stavanger Kunstforening, Galleri 27 i Oslo, Galleri Parken i Bergen, MacLaurin Art Gallery i Ayr i Skottland, Galleri Brandstrup i Moss og Galleri Huset i Stavanger. Han har òg hatt arbeid på kollektive mønstringar som Høstutstillingen, Sørlandsutstillingen, og «Norske Bilder» i Galleri Brandstrups regi i Oslo.

Flannagan har utført fleire utsmykningar. Mellom anna for Figgjo barneskole i Sandnes, British Petroleum i Stavanger, og ei stor utsmykning på Sola lufthavn. Kunstnaren er innkjøpt avNorsk Kulturråd, Rogaland Fylke og Stavanger kommune.

Relaterte artikler