• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Utan tittel

Av Bjørg Marit Bjørnevik

Om kunstverket

Dette arbeidet av Bjørg Marit Bjørnevik viser ulike figurative element som andlet, ungar, jordkloden og ein trilobitt, i tillegg til geometriske element og reine fargeflatar. Delar av arbeidet er silketrykk, medan nokre av flatene ser ut til å vera malte. Biletet er ikkje datert og ser ikkje ut til å ha ein tittel.

Kunstnaren Bjørg Marit Bjørnevik (f. 1945) er busett i Time. Ho er utdanna ved tekstillinja ved Bergen Kunsthandverksskule og har utført ei rekkje utsmykkingar, mellom anna i Gausel kyrkje og Bryne Kunst i skulen (1979). I 1990 mottok ho statleg garantiløn for kunstnarar.

Relaterte artikler