Del av utmykking

Av Bente Olsen (2008)

Om kunstverket

Maleriet viser eit abstrahert barneandlet medeit kraftig, rosa fargefelt rundt. Arbeidet er eit av 15 malerier på plexiglass. Det inngår i ei utsmykking av skulen, tinga i samband med oppussinga i 2008. Arbeida heng ulike stader i fellesareala og har tri ulike storleikar: 30 x 30 cm, 70 x 70 cm og 100 x 140 cm. Utsmykkinga er utan tittel, men motiva er knytt til skulen sin rolle som lærestad og arena for born og vaksne.
Bente Olsen (f. 1972, busett på Bryne ) er utdanna ved Kunstskolen i Rogaland, 2006 - 2008. Ho har vist arbeida sine i ei rekkje kollektiv- og separatutstillingar og har utført fleire utsmykkingar, mellom anna på Frøyland skule. Kunstnaren er opptatt av historie og eksistens; kvardagsliv, draumar, eventyr, dikt og land. Olsen arbeider figurativt, men går gjerne over i eit meir abstrahert uttrykk. Kunsten hennar er prega av sans for korleis fargen påverkar vår oppfatning av motivet.

Relaterte artikler