Om kunstverket
Maleriet viser ein kopp. Biletet er utført med fin sans for koloritt og er dominert av fargane rosa og turkis. Arbeidet er eit av 15 malerier på plexiglass. Det inngår i ei utsmykking av skulen, tinga i samband med oppussinga i 2008. Arbeida heng ulike stader i fellesareala og har tri ulike storleikar: 30 x 30 cm, 70 x 70 cm og 100 x 140 cm. Utsmykkinga er utan tittel, men motiva er knytt til skulen sin rolle som lærestad og arena for born og vaksne.
Bente Olsen (f. 1972, busett på Bryne ) er utdanna ved Kunstskolen i Rogaland, 2006 - 2008. Ho har vist arbeida sine i ei rekkje kollektiv- og separatutstillingar og har utført fleire utsmykkingar, mellom anna på Frøyland skule. Kunstnaren er opptatt av historie og eksistens; kvardagsliv, draumar, eventyr, dikt og land. Olsen arbeider figurativt, men går gjerne over i eit meir abstrahert uttrykk. Kunsten hennar er prega av sans for korleis fargen påverkar vår oppfatning av motivet.