Del av utmykking

Av Bente Olsen (2008)

Om kunstverket

Maleriet viser tala 6 og 7, utført i turkis og gult. Tala er plasserte over eit abstrakt fargefelt. Arbeidet er eit av 15 malerier på plexiglass. Det inngår i ei utsmykking av skulen, tinga i samband med oppussinga i 2008. Arbeida heng ulike stader i fellesareala og har tri ulike storleikar: 30 x 30 cm, 70 x 70 cm og 100 x 140 cm. Utsmykkinga er utan tittel, men motiva er knytt til skulen sin rolle som lærestad og arena for born og vaksne.

Bente Olsen (f. 1972, busett på Bryne ) er utdanna ved Kunstskolen i Rogaland, 2006 - 2008. Ho har vist arbeida sine i ei rekkje kollektiv- og separatutstillingar og har utført fleire utsmykkingar, mellom anna på Frøyland skule. Kunstnaren er opptatt av historie og eksistens; kvardagsliv, draumar, eventyr, dikt og land. Olsen arbeider figurativt, men går gjerne over i eit meir abstrahert uttrykk. Kunsten hennar er prega av sans for korleis fargen påverkar vår oppfatning av motivet.

  • Kunstner:
  • Tittel: Del av utmykking
  • Kategori: Billedkunst
  • År 2008
  • Materiale / medie: Plexiglass
  • Teknikk: Akryl Maleri
  • Beskrivelse teknikk/medie Akrylmaling på plexiglass
  • Størrelse B: 30cm H: 30cm
  • Sted Frøyland skule
  • Plassering Frøyland skule, gang ved administrasjon
  • Tilgjengelighet
    • Tilgjengelig etter avtale

Bente Olsen

Les mer...

Relaterte artikler