Fiskebrygga

Av Henry Bardal (1962)

Om kunstverket

Henry Bardal (1919 - 2000) var malar og grafikar. Eit vesentlieg motiv har vore Nord-Norge med sjø og fiske, skip ved kaia og sindege karer i arbeid og kvile, noko dette biletet også er eit døme på. Interessa for matematikk og geometri, Giotto og innflyting mellom anna frå meksikaneren Diego Rivera, har har vore viktig for kunstnarens medvitne kubistiske billetbygging. Bildeta fungerer som realistisk fortelling, men dei tunge, massive formene og dempa fargane forsterker inntrykket av melankoli. Bildeta til Bardal har vore utstilte i Noreg, Tyskland og Polen og han er representert i Nasjonalgalleriet og i fleire amerikanske samlingar. Kunstnaren er utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole og Statens Kunstakademi (1952-1956). Han er òg innkjøpt av bl.a. The Library of Congress, New York, Oslo Kunstforening, Riksgalleriet, UD, Kunst på Arbeidsplassen, Oslo Kommunes Kunstsamlinger og Nasjonalgalleriet. (Kjelde: Erik Dæhlin, Norsk kunstnerleksikon 3. juli 2013)

Biletet er merka "Tiré par l´artiste" (ofte forkorta til TplA og varianten TPLA). Uttrykket er fransk og betyr at kunstnaren har utført alle delar av den grafiske prosessen frå å laga ei trykkplate, til å køyre trykket gjennom den grafiske pressa, og at han/ho har sett over kvart enkelt eksemplar før det vert signert og nummerert.

Henry Bardal

Les mer...

Relaterte artikler