Om kunstverket
Trykket til Per Odd Aarrestad er typisk for dei tidlege arbeida til kunstnaren. Motivet er tvetydig, tittelen kan både spela på gud i religiøs forstand og eit ideal. Biletet er halde i brunt og oker. Biletet er trykt av kunstnaren sjølv (merkt med "eget trykk").
Per Odd Aarrestad (F. 1940 - ) arbeider både med grafikk, teikning, skulptur og måleri. Han står òg bak ei rekkje utsmykkingar i offentlege og private bygg. I Time kommune har han mellom anna laga det vakre glasmåleriet i Bryne kyrkje. Formspråket var non-figurativt til midten av 70-åra, då abstrakte formelementer vart samanstilt med stiliserte naturalistiske figurasjoner. Seinare har han arbeidd noko meir figurativt. (Kjelde Norsk kunstnerleksikon I - V, 1982-1986)