Om kunstverket
Trykket til Per Odd Aarrestad har ikkje tittel, men er typisk for dei tidlege arbeida til kunstnaren. Motivet er ei kvinne som spelar på eit strengeinstrument, truleg ein bratsj eller bass. Rundt henne "veks" det fram andre figurar (menneske). Det er som om musikken hennar manar fram ei heil verd. Biletet er halde i brunt med innslag av svart, grått, grønt og oker. Biletet har ikkje tittel og er trykt av kunstnaren sjølv (merkt med E. T.).
Per Odd Aarrestad (F. 1940 - ) arbeider både med grafikk, teikning, skulptur og måleri. Han står òg bak ei rekkje utsmykkingar i offentlege og private bygg. I Time kommune har han mellom anna laga det vakre glasmåleriet i Bryne kyrkje. Formspråket var non-figurativt til midten av 70-åra, då abstrakte formelementer vart samanstilt med stiliserte naturalistiske figurasjoner. Seinare har han arbeidd noko meir figurativt. (Kjelde Norsk kunstnerleksikon I - V, 1982-1986)