Om kunstverket
Motivet til denne fine lille teikninga er ei kvinne i ein stol, sett bakfrå. Det kan sjå ut som om ho strikkar eller les. Kvinna sit ved dei store vindauga i eit lyst, moderne hus. Truleg har kunstnaren teikna henne 5. august 1965, for teikninga er datert 5/8 - 65. Motivet er sidan overført til ein litografisk stein og trykt. Dette biletet er dermed ein litografisk trykk av motivet.
Håkon Stenstadvold (1912 . 1977) var utdanna ved Statens Håndverks og kunstindustriskole, Statens kunstakademi og Académie Scandinave, Paris. Han har stått for særs mange offentlege utsmykningar og er kjøpt inn i dei fleste Norske samlingar av betydning. Stenstadvold har illustrert ei mengd bøker og tidsskrift og lista over kollektiv- og separatutstillingar er lang. Kunstnaren fekk òg stor betydning som kritikar, rektor ved Statens håndtverk og kunstindustriskole og ei rekkje styre- og leiarverv. (Kjelde: Østby, Leif: Håkon Stenstadvold i Norsk kunstnerleksikon på snl.no. Hentet 7. mai 2021 fra https://nkl.snl.no/H%C3%A5kon_Stenstadvold)