Utan tittel

Av Alexander Schultz

Om kunstverket

Maleriet viser eit tjern eller ein fjord. Til venstre i føregrunnen ser vi eit lite hus eller naust, mellom trær og kratt. I bakgrunnen ser vi skogkledde åsar under ein lettskya himmel. Biletet er halde i blå- og grøntonar, med detaljar i brunt. Dei lause, skisseaktige strøka er typisk for denne kunstnaren.

Alexander Schultz (1901 - 1981) var utdanna ved Statens kunstakademi under Jean Heiberg og Georg Jacobsen. Han studerte òg under Oluf Wold-Torne, Othon Friesz, Raol Dufy, Fernand Léger og Henrik Sørensen. Schultz er rekna som ein av norsk malerkunsts finaste koloristar. Han arbeidde ofte med lyse fargar og tynn maling som kunne minna om akvarellar, ein teknikk han for øvrig også beherska til fulle. I 1955 vart han ansatt som professor ved kunstakademiet og det sikre fargesynet hans, med rot i fransk maleri, vart av stor betydning for studentane. Motiva hans er ofte portrett eller landskap frå eige nærmiljø. Samstundes hadde han heile tida med seg ei interesse for komposisjon og form som peikar ut over det naturalistiske motivet. (Kjelde: Stavanger kunstmuseum)

Relaterte artikler