Om kunstverket
Biletet viser to robåtar fylde med folk. Dei ror i eit kystlandskap, mellom holmar og skjær. Motivet er todelt, ein himmel i rosa- og gråtonar dominerer øvre halvdel ,nedre halvdel er vigd til den blåe sjøen og båtane. Biletet er ikkje datert og har ikkje tittel.
Frans Widerberg (1934 - 2007) var utdanna ved Statens Håndverk- og Kunstindustriskole, Olso, Bergen kunsthåndverksskole og Statens kunstakademi, Oslo. Han studerte òg under Birger Moss Johnsen og bilethoggar Wilhelm Rasmussen, og har utsmykningar og verk i ei rekkje offentlege samlingar. Widerberg er rekna som ein av Noregs framste grafikarar og malarar. Kunsten hans er karakterisert som nyfigurativ, prega av primærfargar (raudt, gult og blått). Widerberg blanda ikkje fargane med kvitt eller svart, men brukte dei som regel heilt reine og klåre. Han er kjend for å eksperimentera med kontrastar i fargar for på den måten å skapa djubde i bileta. Hestar, ryttarar og kroppar som svever i et draumeakteg univers, går att i kunsten hans. Motiva var ofte i store format, og mange viser hestar og menneske i det ytre rom. Lys er ofte eit element i bileta. Det stod for det andelege kraftfeltet i kvart enkelt menneske og for ei mystisk energikjelde i naturen.
Ei mindre kjend side ved kunstnarskapet er at han òg malte landskapsmalerier i naturalistisk stil.