Utan tittel

Av Harald Kihle (1961)

Om kunstverket

Harald Kihles bilete viser ein mann som køyrer hest og vagn på ein skogsveg. På vegen passerer han ei kvinne med paraply, sett bakfrå. Motivet er typisk for kunstanren og i høg grad prega av at han i sitt vaksne liv var svært opptatt av Telemark. Ein avgjerande impuls for telemarksmotiva var kontakten med kunstnaren Henrik Sørensen, som han hadde eit årelangt og nært vennskap og samarbeid med. Som Sørensen hadde Kihle ei nasjonalromantisk begeistring for landskap, folkeliv og kulturarv, men Kihle var meir opptatt av rituale enn sitt førebilde Sørensen. Dette viser tydeleg att, mellom anna i maleria "En jordferd" (1936), "Vår i Flatdal" (1936) og "Forberedelse til bryllup" (1938). Hest og kar og skogskledde fjellandskap vart etterkvart gjennomgangstema for Kihle. Eksempel på det er "Storegutvollen" (1942), "Tømmerkjøring" (1950) og "Møte" (1950-55). Som grafika har Kihle arbeidd med tresnitt og litografi. Motivkrinsen er her den same som i maleria. Utan å ta biletet ut av glass og ramme, er det vanskeleg å sjå om dette biletet er eit litografisk trykk eller ei teikning, særleg sidan det ikkje står noko opplag. Men mest sannsynleg er det eit trykk.

Harald Kihle (1905 - 1997) vart født på Borre. Han utdanna seg ved Statens håndverks- og kunstindustriskole, Oslo, og Statens kunstakademi i Oslo under Axel Revold og Per Krogh. I tillegg har han studert under ei rekkje kunstnarar, mellom dei Henrik Sørensen og Marcel Gromaire. Kihle er kjend for offentlege utsmykkingar og som illustratør, men har òg deltatt i ei rekkje separat- og kollektivutstillingar. (Kjelde: Helliesen, Sidsel; Sørensen, Bodil: Harald Kihle i Norsk kunstnerleksikon på snl.no. Hentet 30. april 2021 fra https://nkl.snl.no/Harald_Kihle)

Relaterte artikler