• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Utan tittel

Av Peer Dahl

Om kunstverket

Trykket viser eit kystlandskap. På ei berghylle står fem kvinner saman i ei gruppe. Dei trer tydeleg fram mot dei svarte fjella bak. Ein robåt ligg i bukta nedanfor. Biletet er dominert av reine flater og halde i duse fargar, hovedsakleg svart, gråbrunt og raudt.

Peer Lorentz Dahl (1915 . 2005) var født i Bergen og utdanna ved Kunstakademiet i Kjøbenhamn under Kræsten Iversen og Elof Risebye. Han var òg elev av faren, kunstnaren Gabriel Dahl.
Dei tidlegaste maleria til Dahl viser påverknad frå norske freskomalarar, og då særleg Axel Revold. Kunstnaren arbeidde i 1940-åra med store flater i metta, varme fargar og med kraftige omriss. Motivkrinsen var i hovudsak landskap, interiør og personar. Frå 1950-talet vart formen meir forenkla og fargane færre, og i 1960- og 70-åra vart sjølve komposisjonen meir og meir viktig.
Dahl har hatt ei rekkje separat og kollektivutstillingar og er innkjøpt til fleire offentlege og private samlingar, mellom dei Nasjonalgalleriet.

Relaterte artikler