Om kunstverket
Dette maleriet er typisk for Oskar Sørreimes kunstnarskap etter 1960. Her ser vi eit jærlandskap under ein tung, mørk blå himmel. Lyset bryt så vidt gjennom og spelar seg i havet langt ute. Kyrne beitar i horisonten, der hav og land møtes, og ein einsleg gard ligg gøymd i det bølgande, mørke landskapet. Maleriet er ikkje datert.
Oskar Sørreime (1919 - 2007) var ein kunstnar frå Stavanger. Han var aktiv som kunstnar frå 1942 og uttrykte seg innan maleri og teikning. Gjennombrotet kom mot slutten av 1960-åra, då han fann sin eigen stil. Frå då av konsentrerte han seg motivmessig om landskap og lysforhold på Jæren.
Sørreimes maleri er prega av abstraksjon og dempa fargebruk og eit tilnærma monokromt (einsfarga uttrykk. I landskapa er horisonten som oftast låg og himmelen høg.
Sørreime var utdanna ved Gjesdals malarskule, Stavanger. Han var hospitant ved Statens Håndverks- og kunstindustriskule og Statens Kunstakademi og har hatt fleire studiereiser utanlands.
Kunstnaren har stilt ut i alle dei større norske byane, utanom i Nord-Noreg. Han er innkjøpt av Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet og fleire kommunar, kunstforeiningar og den norske ambassaden i Canada.
I 1989 donerte Idun og Oskar Sørreime 36 oljemalerier til Randaberg kommune. Det eldste maleriet er frå 1953, mens det nyaste er frå 1989. Sørreimesamlinga utgjer dermed eit representativt utval av kunstnarens produksjon. Verk frå samlinga er stilt ut ut på kultursenteret Tungenes fyr. Utstillingane varierer, nokre bilete kan difor midlertideg vera i annan kommunal oppbevaring.