• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Olav

Av Svein Magnus Håvarstein (1967)

Om kunstverket

Portrettet er laga av kunstnaren Svein Magnus Håvarstein og viser den gamle rennesøybuen Olav Bjerga. Håvarstein kjende mannen godt. På tidspunktet portrettet var laga var Bjerga dødssjuk. Signert i nedre høgre hjørne: "S.M. Håvarstein 67". I venstre hjørne: Koldnål 4/6 etat I "Olav"
På baksida av biletet er det limt ei skisse av eit mannshovud. Han har òg lue, men han verkar yngre enn mannen på forsida. Dette portrettet har pålimt ein bart i ekte hår. På teikninga står det: Svein Magnus Håvarstein, 4150 Vikevåg Stavanger. Skissa er signert Svein Magnus Håvarstein -94.

Svein Magnus Håvarstein (1942-2013 , Rennesøy) debuterte som bilethoggar og grafikar i andre halvdel av 1960-åra og arbeidde parallelt med skulptur og grafikk. Dei tidlegaste skulpturarbeida viser påverknad frå akademitida hos Per Palle Storm, mens eldre mestrar som Dürer, Rembrandt og Lars Hertervig syns å ha gitt inspirasjon og impulsar til dei grafiske arbeida. Kunstnerens nære kontakt med naturen var avgjerande for skaperevne og verksemd, og var ein av grunnane til at han straks etter avslutta utdanning vendte tilbake til Rennesøy. Her budde og arbeida sidan som biletkunstnar i nær tilknytning til motiv og modellar. Håvarstein arbeidde helie tida innan eit naturalistisk og figurativt formspråk med visse tendensar i surrealistisk retning. Ut over i 1970-årea vart formspråket friare og meir forenkla. Arbeida vart meir personlege i si uttrykkskraft, både i form, innhald, val av motiv og utnytting av egenskaper og muligheiter ulike materialar og teknikkar. (Kjelde: Wathne, Berit: Svein Håvarstein i Norsk kunstnerleksikon på snl.no. Hentet 8. januar 2021 fra https://nkl.snl.no/Svein_H%C3%A5varstein)

Relaterte artikler