Om kunstverket
Den vesle kvinnefiguren er laga i keramikk for hand og montert på ein steinsokkel. Ein kan sjå merke etter kunstnaren sine hender og reidskap. Øverst på ryggen er det to "utvekstar", som anten kan vera ein del av kjolen eller antyda eit par venger. Det går ikkje fram kven som har laga skulpturen.