Om kunstverket
Motivet viser ei ku, truleg av rasen Norsk Rødt Fe, sidan tittelen er "Tango N. R. F". Denne type ku høyrer til den dominerande storferasen i Noreg og er avla fram for å gje høgast muleg gevinst i form av mjølk og kjøtt. Rasen var i utgangspunktet raud og hvit med horn, men det er nå sjeldan å sjå ei NRF -ku med horn. Kua til Torsheim har likevel horn og er grøn og ho syng noko som kan likna kjemiske formlar. Bak henne blir ein diger veps med trompet med i tangoen. Kanskje er det ei hylling til eit grønare og mindre genmanipulert dyrehald? Eller så er det berre ei glad ku som tek seg ein tango. Motivet er uansett typisk for Oddvar Torsheim.
Oddvar Torsheim (født 1938 i Bergen), er ein norsk malar, teiknar og grafikar , busett i Førde. Torsheim er utdanna ved Bergen Kunst- og Håndverksskole og Det Kongelige Kunstakademi i København. Kunstnaren er kjend for å vera samfunnskritisk og latterlegjere fordommar og vanetenking. Han uttrykker seg i eit frodig billedspråk, med surrealistisk fantasi. Torsheim har utgitt fleire diktsamlingar med eigne illustrasjonar, mellom anna "Syner i syttiåra" (1980) og "Svarte kvitingar" i 80-åra (1988), samt musikk-CD-ane "Nynorskens skog" (1992) og "Tur-retur Blues" (2000). Torsheim er representert i Museet for samtidskunst i Oslo.