- di verd i verda -

Av Bente Sommerfeldt-Colberg (2010)

Om kunstverket

Under det høge taket i biblioteket på Rosseland skule har ei utsmykking fått plass; til saman seks store, transparente "glober" i blåst, klar akryl, med ulike motiv. Kulene heng heng i vaierar frå taket, tre i kvart av dei to atriuma. Kulene er fylt med ulikt innhald: Open bok, fallskjermtrådar, speglande spå, solkule, fredssymbol og jordkloden. Kulene ser mest ut som om dei svever i rommet. Dei kan sjåast som luftbobler, tankebobler, bobler som tankerom for et eget sted å være", seier kunstnaren sjølv. Kulene kan òg vera symbol på himmelen, jorda og sola, og på mulegheit for rørsle og forflytting. Dermed viser verket også til elevane sin situasjon: Det å vera undervegs.

Boka representerer kunnskap. Fallskjermtrådane representerer eins eiga livsbøye. Spåen refererer til elevane sin leik og nysgjerrighet. Kloden som boble viser verda som eit skjørt skal. Sola er symbolet på livet, varmen, lyset og energien. Fredskula tek heile verda inn med sitt fredsymbol.

Ein kan sjå kulene frå ulike vinklar alt etter kva etasje ein er i, og stadig få nye inntrykk. Dei har eit innhald som alle kan kjenna seg att i og fabulera over og gjev næring både til synet, kjenslene og tankane våre uansett alder.

Bente Sommerfeldt-Colberg (født 1966) bur og arbeider i Lier. Ho er utdanna ved Vestlandske kunstakademi 1991-95 og har ei svært høg utstillingsaktivitet. Dei siste åra har ho mellom anna hatt separatutstillingar i Kunstnerforbundet, Kongsberg Kunstforening og Østfold Kunstnersenter. Kunstnaren har òg deltatt på mange kollektivutstillingar i inn- og utland, mellom anna sju gonger på Høstutstillingen. Kunsten hennar er innkjøpt av Hå Kommune, Sørlandets Kunstmuseum, Norsk kulturråd og Braathens SAFE, og ho har laga utsmykkingar til Universitetet i Tromsø og fleire skular.

Bente Sommerfeldt-Colberg

Les mer...

Relaterte artikler