• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Lekeplassen

Av Ukjend (1978)

Om kunstverket

Trykket viser to fargerike gjøglarar. Den eine svever med ei vektstang i hendene. Den andre har fire bein og eit hus på ryggen. Eventuelt er det ein gjøglar til, som dannar bakkroppen på "dyret". Gjøglarane befinn seg under ein (stein)boge, himmelen er blå og klar, med små, kvite skyer. Ved foten av eit tre ligg ballar i ulike mønster. Mønstra liknar det kula på vektstanga har, så kanskje stanga ikkje er så tung?
Gjøglaren på fire bein held eit flagg i handa, og det er vanskeleg ikkje å assosiera til Arbeidarpartiets gamle omgrep "Det norske hus", sjølv om det slett ikkje er sikkert at kunstnaren hadde dette i tankane.

Trykket er signert og datert, men det er vanskeleg å sjå kva det står. Tittelen er òg nokså utydeleg, så det kan stå noko anna enn "Lekeplass".

Relaterte artikler