Sveve

Av Marit Bockelie (1977)

Om kunstverket

Trykket viser eit kyssande par som sit på ryggen av ein stor fugl. I bakgrunnen fyk ein liknande fugl over himmelen. Biletet er trykt i raudt og blått, på kvitt papir. Motivet er fabulerande og symbolsk; her få kjærleiken bokstaveleg talt vinger.

Marit Bockelie er født i Bodø, nå busett i Oslo. Ho er utdanna ved Statens Kunst- og Håndverksskole, Statens Kunstakademi og Mosaikkakademiet i Ravenna.Motivmessig er ho opptatt av den nordnorske folkekunsten, og skildrar natur og folkeliv med frodige og sterkt fabulerande billetdikt.

Marit Bockelie arbeider med grafikk, teikningar, akvarellar, olje, og mosaikk. I tillegg er ho ein etablert musikar. Bockelie er innkjøpt av Norsk kulturråd, Riksgalleriet og Nasjonalgalleriet.

  • Kunstner:
  • Tittel: Sveve
  • Kategori: Billedkunst
  • År 1977
  • Materiale / medie: Glass Papir Papp
  • Beskrivelse teknikk/medie Tresnitt på papir Passepartout Grafikk
  • Opplag 131 / 275
  • Størrelse B: 49cm H: 33cm
  • Sted Rosseland skule
  • Plassering Rosseland skule, kontoret til inspektør 1
  • Tilgjengelighet
    • Tilgjengelig etter avtale

Marit Bockelie

Les mer...

Relaterte artikler