Om kunstverket
Her er tri bilete av Ellen Kalvig montert inn i ein felles passepartout med ramme rundt. Bileta framstiller ulike abstraherte landskap, med titlane "Fjell", "Klode" og "Tre". Storleiken på kvart motiv er 15 x 10 cm. Bileta er ikkje daterte.
Ellen Kalvig er fødd i 1958. Ho bur og arbeider i eige atelier i Suldal, tett på vakker og storslått natur. Sjølv seier ho at ho er inspirert av naturen og landskapet ho har rundt seg. Inntrykka bearbeider ho malerisk og grafisk ved bruk av kontrastar, lys, symbolikk og assosiasjonar. Om bileta hennar framstiller berre eit landskap eller om det er ein metafor for noko anna, let ho vera opp til den som ser. Kalvig stilt ut jamnleg sidan 1986 i inn - og utland. Debututstillinga var i Sandnes kunstforening i 1987. Ho er medlem i NBK.