Om kunstverket
Med enkle former har kunstnaren Ellen Kalvig framstilt eit abstrahert landskap. Motivet er ein ein holme som kvilar i eit stille vatn. Over kvelvar ein gul himmel seg. Kunstnaren har eit medvite bruk av fargar, og den gylne himmelen er med på å gi biletet eit sakralt preg. Biletet er ikkje datert og er merka med E. a variant (eige arbeid). Ei slik merking betyr at trykket er eitt av dei få trykka ein kunstnar har lov til å trykka utanom sjølve opplaget.
Ellen Kalvig er fødd i 1958. Ho bur og arbeider i eige atelier i Suldal, tett på vakker og storslått natur. Sjølv seier ho at ho er inspirert av naturen og landskapet ho har rundt seg. Inntrykka bearbeider ho malerisk og grafisk ved bruk av kontrastar, lys, symbolikk og assosiasjonar. Om bileta hennar framstiller berre eit landskap eller om det er ein metafor for noko anna, let ho vera opp til den som ser. Kalvig stilt ut jamnleg sidan 1986 i inn - og utland. Debututstillinga var i Sandnes kunstforening i 1987. Ho er medlem i NBK.