• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Robåt

Av Ellen Kalvig

Om kunstverket

Med enkle former har kunstnaren Ellen Kalvig framstilt eit abstrahert landskap kor blåtonar dominerer. Motivet er ein robåt utan årer og førar. Han flyt stille på det blanke vatnet, over speglinga av ein fjellformasjon.
Kunstnaren har medvite brukt komplimentærfargar i biletet (fargarsom ligg tvers over kvarandre i fargesirkelen). Komplimentærfargar forsterkar kvarandre gjensidig og er eit mykje brukt verkemiddel innan kunst og design. Når Kalvig her brukar litt gult og mykje blått, oppnår ho at den gylne innsida av båten nærmast gløder mot alt det blå rundt. Biletet er ikkje datert og er merka med E. a (eige arbeid). Ei slik merking betyr at trykket er eitt av dei få trykka ein kunstnar har lov til å trykka utanom sjølve opplaget.

Ellen Kalvig er fødd i 1958. Ho bur og arbeider i eige atelier i Suldal, tett på vakker og storslått natur. Sjølv seier ho at ho er inspirert av naturen og landskapet ho har rundt seg. Inntrykka bearbeider ho malerisk og grafisk ved bruk av kontrastar, lys, symbolikk og assosiasjonar. Om bileta hennar framstiller berre eit landskap eller om det er ein metafor for noko anna, let ho vera opp til den som ser.
Kalvig stilt ut jamnleg sidan 1986 i inn - og utland. Debututstillinga var i Sandnes kunstforening i 1987. Ho er medlem i NBK.

Relaterte artikler