• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Utan tittel

Av Per Odd Aarrestad (1976)

Om kunstverket

Trykket til Per Odd Aarrestad har ikkje tittel, men er typisk for dei tidlege arbeida til kunstnaren. Motivet er eit landska med ein tettstad i mellomgrunnen. Bak bygga ser me ein fjord og fjell. Biletet er halde i ulike blå-grøne tonar med innslag av svart, gult og oker.
Biletet har ikkje tittel og er eit særtrykk med lite opplag (7 stk). Det kan tyda på at kunstnaren har laga motivet i andre fargar, i eit større opplag.

Per Odd Aarrestad (F. 1940 - ) arbeider både med grafikk, teikning, skulptur og måleri. Han står òg bak ei rekkje utsmykkingar i offentlege og private bygg. I Time kommune har han mellom anna laga det vakre glasmåleriet i Bryne kyrkje. Formspråket var non-figurativt til midten av 70-åra, då abstrakte formelementer vart samanstilt med stiliserte naturalistiske figurasjoner. Seinare har han arbeidd noko meir figurativt. (Kjelde Norsk kunstnerleksikon I - V, 1982-1986)

Relaterte artikler