Om kunstverket
Litografien til Ernst Magne Johansen viser skogsguden Pan, sittande i eit tre. Pan har form av ein ung mann eller gut, han er utan horn og klov og speler på fløyte. Det er vår eller sommar og påfuglar går i graset under han. Kunstnaren var kjend for sine fargerike og abstraherte malerier, mange av dei med motiv frå Borøy i Tvedestrand kommune.
Ernst Magne Johansen (1926 - 2009) var utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole Oslo, Statens Kunstakademi og Rijksakademie Amsterdam. Han er kjend frå ei rekkje separat og gruppeutstillingar, har utsmykka Vinder skole Oslo, Kalnes landbruksskole Østfold, Oslo Sanitetsforenings Søsterhjem og Oslo Arbeidersamfunn, og er kjøpt inn av fleire større institusjonar. Mellom anna Bergen Billedgalleri, Nasjonalgalleriet, Stavanger Faste Galleri, Kunstmuseet København og Victoria and Albert Museum i London.