Solidaritet

Av Bjørg Marit Bjørnevik

Om kunstverket

Kunstnaren har laga teppet i form av ei fane til støtte for opposisjonsleiaren Lech Walesa og røyrsla «Solidaritet» i Polen. (Sjå Store norske leksikon: https://snl.no/Lech_Walesa). Teppet er i fleire materiale. Mellom anna er det sydd inn originale armband, lik dei aktivistane brukte for å vise si støtte til opprøret. Verket viser menneske i protestmarsj under heva faner, plasserte over eit større, mørkt felt der ein kan sjå at noko har starta å spire.

Kunstnaren Bjørg Marit Bjørnevik (f. 1945) er busett i Time. Ho er utdanna ved tekstillinja ved Bergen Kunsthandverksskule og har utført ei rekkje utsmykkingar, mellom anna i Gausel kyrkje og Bryne Kunst i skulen (1979). I 1990 mottok ho statleg garantiløn for kunstnarar.

  • Kunstner:
  • Tittel: Solidaritet
  • Kategori: Annet
  • Stil:
  • Materiale / medie: Tekstil
  • Teknikk:
  • Beskrivelse teknikk/medie Tekstil med aplikasjonar i ulike materiale
  • Størrelse B: 105cm H: 160cm
  • Sted Time rådhus
  • Plassering Time rådhus i gangen ved formannskapssalen

Bjørg Marit Bjørnevik

Les mer...

Relaterte artikler