Ved havet

Av Dag Hol

Om kunstverket

Litografiet viser ei kvinne ved havet, sett på avstand. Det er enten måneskin eller låg sol i disig vêr. Ho har slått armane rundt seg, som om ho frys, og står mellom rullesteinane ved eit naust. Motivet er typisk for Dag Hol. Biletet er ikkje datert.

Dag Hol (1951, Hamburg) er ein norsk, figurativ malar og grafikar, kjend for landskapsmotiv frå ulike område i Noreg. Han er utdanna ved Statens kunstakademi frå 1980 til 1984 og har vært elev av Gunnar Dietrichson og Odd Nerdrum. Før han begynte på Statens Kunstakademi, studerte han nordisk, fransk og tysk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo. Han debuterte som kunstnar med separatutstilling i 1983. Hols arbeid er påverka av eldre malarkunst, frå renessansen til romantikken.

Relaterte artikler