• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Leda Atomica

Av Salvador Dali

Om kunstverket

"Leda Atomica" av Salvador Dalí er ein silketrykk-versjon av ei maleri kunstnaren laga i 1949. Biletet viser Leda, den mytologiske dronninga av Sparta. Modellen er Gala, kona til Dalí.
Inspirasjonen til motivet er den klassiske myta om Leda, dotter av Eurithemis og kong Thestius av Aetolia. Leda var gift med Tyndareus, men gudekongen Zevs vart forelska i henne. Då ho avviste han, skapte han seg om til ei svane og forførte henne. Leda vart fruktbar med to egg. Begge gav tvillingar: Castor og Pollux og Helena og Clytemnestra, den eine av søskena i kvart tvillingpar var udødeleg.
Dali meinte at matematiske ideal måtte leggast til grunn for all kunst og "Leda Atomica" er difor komponert etter klassiske prinsipp.
Etter at atombomba fall i Hiroshima, tok Dalis arbeid ei ny retning, basert på prinsippet om at strømmingar i samtida må innlemmast i kunsten dersom han skal kunne kallast moderne.

På same måte som at partiklar ikkje rører ved kvarandre på atomnivå, rører heller ingen av elementa i "Leda Atomica" kvarandre. Dei svever fritt. Leda ser ut som om ho prøver å røre baksida av svanas hovud, men gjør det ikkje, og til og med vatnet heng på ein måte litt over strandlinja. Verd å leggja merke til er òg at svana er det einaste elementet i biletet som ikkje kastar skugge, eit teikn på at ho ikkje er av denne verda.

Salvador Dalí (1904 - 1989) var ein kunstnar frå Catalonia i Spania. Han er mest kjend for sine surrealistiske malerier, men skapte òg skulpturar, kosmetikk, juvelar og fotografi. Dalí samarbeidde med ei rekkje andre kunstnarar, mellom andre Luis Buñuel, som han skapte filmen «Den andalusiske hund» saman med.
Trykket er signert men er utan dato og opplag. Det er merkt med E. A. (épreuve d'artiste). Trykk merka E. A. eller A. P. (Artist Proof) viser at kunstnaren har reservert dette til seg sjølv.

Relaterte artikler