Utan tittel

Av Ukjent

Om kunstverket

Motivet er klassisk, med raude, halvvisna tulipanar. Slike bilete forbinder me ofte med termen "Memento mori" (hugs du skal døy). Uttrykket kjem frå ein skikk i det gamle Roma. Når ein hærførar vart hylla etter eit slag, stod ein slave bak han. Slaven hadde to oppgåver: Å halda oppe seierkransen av laubær og å kviskra orda "memento mori" i øyra hans, for å minna hærføraren på at han trass sigeren likevel ein gong skal døy. Gjennom kunsthistoria har kunstnarar malt dette motivet i ulike variantar. Livets forgjengelegheit er då uttrykt symbolsk ved hovudskallar, frukt og blomar (alt som har kort liv), daude dyr, såpebobler, klokker eller liknande.

Det er på ingen måte sikkert at denne kunstnaren har tenkt i desse banar då han/ho malte biletet. Motivet kan òg tolkast utan å tenkje symbolsk; som ei krukke med halvt visna blomar. Biletet er ikkje datert. Signaturen er utydeleg, men kan tydast I. Grude. Det har ikkje vore muleg å finna ein kunstnarar med førenamn på I. og Grude som etternamn.

  • Kunstner:
    Ukjent
  • Tittel: Utan tittel
  • Kategori: Billedkunst
  • Stil: Blomstermaleri
  • Materiale / medie: Plate Ramme
  • Teknikk: Maleri
  • Beskrivelse teknikk/medie Olje på plate Maling
  • Størrelse B: 41cm H: 31cm
  • Sted Bryneheimen
  • Plassering Bryneheimen, andre etasje, i gangen på vestsida
  • Tilgjengelighet
    • Tilgjengelig etter avtale

Ukjent

Les mer...

Relaterte artikler