• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Utan tittel

Av Patrick Huse (1980)

Om kunstverket

Litografiet av Patrick Huse har eit draumeaktig preg over seg. Hovudmotivet er eit stort, grønt hus, med to brune bygg ved sida. Foran huset er fleire rader med trebenker og på begge sider er det ein slags slipp eller skinner til å dra båtar opp på. Ein loiten robåt ligg på benkene og ein mann helt på med arbeid i sjøkanten, foran i motivet. At ingenting reflekterer i dei store, lyse vindauga på hovudhuset, og at perspektivet ikke heilt ser ut til å samsvara gjennom heile biletet, er med å å underbygge kjensla av uverkelegheit.

Victor Patrick Huse (f. 1948) er ein norsk kunstnar. I eit figurativt, sterkt symbollada biletspråk søkjer han å avdekka underbevisste opplevingar og gje uttrykk for sjelelege tilstandar. Frå slutten av 1970-åra har han arbeidd meir med litografi, og i dei seinare åra er det som grafiker han har gjort seg mest gjeldande. Ein del av den grafiske produksjon ligg tematisk nær dei tidlege akvarell/blyant-arbeida. Fleire av landskapa, eit motiv som etter kvart er kome til å oppta han sterkt, har eit draumeakteg, visjonært preg. (Kjelde: Sørensen, Bodil: Victor Patrick Huse i Norsk kunstnerleksikon på snl.no. Hentet 15. januar 2021 fra https://nkl.snl.no/Victor_Patrick_Huse)

Relaterte artikler