Yellow Fields

Av Hans Jørgen Hvid (1978)

Om kunstverket

Hans Jørgen Hvid (Viborg, Danmark 1945 -) er ein dansk kunstnar, kjend for sine arbeid i geometrisk abstraksjon (Concrete-Art). Dette grafiske arbeidet er komponert av kvadratiske former, repetert i ulike kombinasjonar. Det er halde i primærfargane gult, raudt og blått, i tillegg til grønt, og anvender slik hovudfargane i det ein kallar den naturlege fargesirkelen. Biletet er signert E. T. (Eige Trykk), som betyr at det er kunstnaren sjølv som har utført trykkinga.

Geometrisk abstraksjon har røter i art noveau og kubisme, og vart vidareutvikla av russiske Vasilij Kandinskij. Omgrepet vart først formulert av nederlandske Theo van Doesburg (1883 - 1931) og vart deretter brukt for å definera forskjellen mellom visjonen Doesburg hadde om sin eigen kunst og den som andre abstrakte kunstnarar hadde på den tida. Etter Doesburgs død vart omgrepet meir presist definert og popularisert av den sveitsiske kunstnaren og arkitekten Max Bill, som organiserte den første internasjonale utstillinga i denne stilen i 1944. Geometrisk abstraksjon vart meir populært etter andre verdskrig og vist ved ei rekkje internasjonale utstillingar. Gunnar S. Gundersen (1921-1983) er ein av dei få kjende norske kunstnarane som arbeidde innan dette uttrykket.

Hans Jørgen Hvid

Les mer...

Relaterte artikler