Moren

Av Dag Hol

Om kunstverket

Dag Hols trykk viser ei kvinne ved havet, med eit barn på armen. Himmelen er blygrå og landskapet karrig. Det kan sjå ut som om ho ventar på nokon. Klesdrakten er noko gammaldags og typisk for historisk interesserte Hol. Biletet er ikkje datert.

Dag Hol (1951, Hamburg) er ein norsk, figurativ malar og grafikar, kjend for landskapsmotiv frå ulike område i Noreg. Han er utdanna ved Statens kunstakademi frå 1980 til 1984 og har vært elev av Gunnar Dietrichson og Odd Nerdrum. Før han begynte på Statens Kunstakademi, studerte han nordisk, fransk og tysk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo. Han debuterte som kunstnar med separatutstilling i 1983. Hols arbeid er påverka av eldre malarkunst, frå renessansen til romantikken.

Relaterte artikler