• Se alle
  • Billedkunst
  • Skulptur
  • Arkitektur
  • Natur
  • Annet
  • Kulturminner

Kone med ripe

Av Inggard Rosseland

Om kunstverket

Trykket viser ei kone med stokk og ei stor fletta korg på ryggen (ripe). Korga er full og ser tung ut. Kona står på ein kai kor det ligg fisk på ein kasse. Bak henne ser me eit kystlandskap med ein seglbåt. Biletet er ikkje datert.

Inggard Rosseland (1914 - 1994) arbeidde nokre år som reklameteiknar, men starta alt i 30-åra å laga tresnitt, først i fargar, seinare i sort/kvitt. Hans grafiske motiv er stort sett menneske og dyr i nærmiljø og landskapsinntrykk frå Hardanger, Sørlandet og Austlandet. Samfunnsengasjerte tema har vore enkelttilfelle i produksjonen hans. Formspråket er figurativt, ofte naturalistisk, men i enkelte arbeid med til dels sterke forenklingar. Uttrykket varierer frå sterke kontrastar mellom dei mørke og lyse partia i billedflata, til finare strekteikning med meir nyanserte valørvirkningar. Frå slutten av 60-åra arbeidde han meir med fargetresnitt. Rosseland har markert seg sterkast som grafikar, men arbeidde frå 1960 òg med malerier. Rosseland har malt figurbilete og portrett, men hovudmotiva de siste åra var landskap og trær. (Kjelde: Alfsen, Glenny; Engelstad, Svein; Wollebæk, Jorunn Sanstøl: Inggard Rosseland i Norsk kunstnerleksikon på snl.no. Hentet 22. januar 2021 fra https://nkl.snl.no/Inggard_Rosseland)

Relaterte artikler