Utan tittel

Av Carl Fredrik Reuterswärd

Om kunstverket

Dette motivet av Carl Fredrik Reuterswärd viser ulike, kapselliknande former. Dei ser metalliske ut og minnar om bomber eller noko industrielt. Biletet har ikkje tittel og er ikkje datert.

Carl Fredrik Reuterswärd (Sverige, 1934 - 2016) var ein svensk malar og bilethoggar. Han studerte med Fernand Léger i Paris 1951 og var professor i maleri ved The Academy of Fine Arts i Stockholm 1965-1969. I 1974 var han gjesteprofessor ved Minneapolis School of Art, Minneapolis, Minnesota. Reuterswärd er internasjonalt kjend og hatt utstillingar over heile Europa og USA. Reuterswärd var ein kreativ kunstnar, som alltid jakta på nye måtar og former å utrykkje sin kreativitet på. Idag er verk av han å finna i dei fleste museer og private kunstamlingar. "Non Violence", revolveren med knute på løpet, er eit av hans mest kjende verk. Kunstnaren var venn med John Lennon og Yoko Ono og laga kunstverket som ein hyllest til deira visjon om ei fredfull verd. Motivet var vorte ikonisk og er utført i utallege variantar, både som skulptur, maleri og trykk. Det finst òg på eit svensk frimerke utgitt i samband med FNs 50-årsjubileum. Den originale skulpturen vart avduka i september 1988 i New York.

Relaterte artikler