Au Jardin du Temps

Av Per Odd Aarrestad (1990)

Om kunstverket

Trykket av Per Odd Aarrestad har tittelen "Au Jardin du Temps" (I tidas hage) og er karakteristisk for denne kunstnarens arbeid. Per Odd Aarrestad (F. 1940 - ) arbeider både med grafikk, teikning, skulptur og måleri. Han står òg bak ei rekkje utsmykkingar i offentlege og private bygg. I Time kommune har han mellom anna laga det vakre glasmåleriet i Bryne kyrkje. Formspråket var non-figurativt til midten av 70-åra, då abstrakte formelementer vart samanstilt med stiliserte naturalistiske figurasjoner. Seinare har han arbeidd noko meir figurativt. (Kjelde Norsk kunstnerleksikon I - V, 1982-1986) Biletet har ikkje årstal.

Per Odd Aarrestad

Les mer...

Relaterte artikler