Innleiingsdiktet til Haugtussa

Av Herborg Kverneland (1992)

Om kunstverket

Herborg Kvernelands kalligrafi er av innleiingsdiktet til Haugtussa, og startar slik: "Til deg du hei og bleike myr/med bukkeblad/der hegre stig og heilo flyr/eg gjev mitt kvad". Arbeidet er dekorert med teikningar av ulike villblomar og strå. På baksida er ein lapp der det står: "Gåve frå Time sanitetsforening 1992".

Herborg Kverneland er ein kjend kalligrafi-kunstnar, busett på Kvernaland. Kunstnaren har utforma ei rekkje plakater og prisar, mellom anna for Time kommune. Ho har deltatt i fleire gruppe og separatutstillingar, og er kanskje mest kjend for Haugtussa-teppene. "Haugtussa" var eit samarbeidsprosjekt mellom kunstnarane Herborg Kverneland og Herborg Larsen, der Larsen har vevd motiva ut frå Kvernelands maleri og vevkartongar. Samarbeidet starta i 1997 og vart ferdig til Garborg-jubileet i 2001.

Herborg Kverneland

Les mer...

Relaterte artikler